Karl Ove Hufthammer

Elskovsdrikken

6. september 2003 (oppdatert 4. juni 2009)

Eg har vore på biblioteket og lånt ein DVD av operakomedien Elskovsdrikken (L’elisir d’amore), med Angela Gheorghiu og Roberto Alagna i hovudrollene.

Elskovsdrikken handlar om unge Nemorino, som er forelska i den vakre og rike Adina. Ho, på si sida, ser heller ut til å vera interessert i den innbilske og arrogante sersjanten Belcore.

Ein dag kjem ein ein noko tvilsam dokter og seljar av «mirakelmedisin» til landsbyen. I bytte mot alle pengane sine får Nemorino kjøpt ein «elskovsdrikk» av dokteren, og håpar denne skal få Adina interessert i han.

Eg skal ikkje avsløra korleis det går vidare i denne lystige komedien, men røper nok ikkje for mykje om eg seier at det for ein gongs skyld er ingen som dør i slutten!

Nemorino og Adina vert spelt av ekteparet Roberto Alagna og Angela Gheorghiu, som òg har spelt saman i mange andre operainnspelingar. Eg har sett fleire av desse, og mens Angela Gheorghiu alltid har vore god, har mannen hennar ikkje heldt same nivå. Det gjeld imidlertid ikkje denne innspelinga. Her både syng og ikkje minst spelar han veldig bra! Det same gjeld for øvrig òg resten av skodespelarane/songarane.

Eg hadde ikkje sett eller hørt denne operaen før, og rekna ikkje med at ein sånn «lett» opera skulle ha noko minneverdig musikk. Der tok eg grundig feil! Elskovsdrikken er full av herlig musikk, både i tema, duettar og ariar. Dette er musikk som sit igjen lenge etter ein har sett framføringa.

Operaen er ein komedie, og ein rett so morosam ein òg (relativt til andre operaer, bør eg vel legga til). Persongalleriet består av fleire til dels latterlige typar, og både songen og skodespelet underhalder stort. Eit av dei mest morosame innslaga er kona til dokteren i andre akt, som ein rett og slett ikkje la vera å le av (sjølv om ho ikkje har ein einaste replikk). Ei meir humørlaus kjerring skal ein leita lenge etter!

For øvrig er Elskovsdrikken ein opera ein vert i godt humør av. Anbefalt på det varmaste!

Når det gjeld meir tekniske, kjem operaen på éin DVD, med utmerka bildekvalitet. Han er teksta på engelsk, so det skal ikkje vera noko problem å få med seg den uansett enkle handlinga. Regissøren er den allestadsnærverande (i operainnspelingssamanheng) Brian Large, som har gjort ein fin jobb. Det einaste eg kanskje kunne setta fingeren på, er val av kamera(vinklar) nokre plassar. Men dette vert uansett berre småplukk.

For øvrig følgjer det òg med ein 52-minutts og rimelig interessant dokumentar om innspelinga på DVD-en.

Oppsummert: Flott film!

Emne: Film og fjernsyn, Musikk

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.