Karl Ove Hufthammer

Ein blogg

2. april 2003 (oppdatert 19. mai 2009)

Endelig har eg òg laga meg ein blogg. Eg har lenge gått med tanken på ein blogg, men lot det vera, av hovudsaklig to grunnar:

Førstnemnte punkt er like sant i dag som før. Men akkurat dette ser ikkje ut til å hindra andre bloggarar. ☺ Vel, det hender eg har (små) tankar eller noko informasjon eg har lyst å «dela med verda» (det vil seia, dei som måtta vera interessert i sånt). Og då er det gyslig kjekt å kunna gjera dette gjennom bloggingsmediumet. Òg eg må innrømma at eg likar å lesa ymse bloggar, om meir eller mindre trivielle saker.

Når det gjeld andre punktet, er tida framleis like dårlig som før. Men no når eg først har fått bloggen på beina, er det kjempekjapt å skriva innlegg.

Innhaldet i bloggen er ikkje heilt bestemt, men vil nok vera noko teknologisentrert, med ein del innslag av ymse emne eg er interessert i, og ting som skjer i kvardagen. Og sånt. For det meste håpar eg å halda ein positiv tone, slik at dette ikkje blir ein syteblogg (ikkje på nokon måte meint som kritikk av sytebloggarar).

Til slutt: Dette vil vera meir som ein nettstad med småartiklar. Dette medfører at det ikkje vil vera ein «historisk korrekt» blogg. Eg forbeheld meg all rett til å endra på innhaldet når som helst, og i uavgrensa grad.

Ja, det var vel det? Kommentarar på innhald og utforming, melding av feil og liknande vil eg setta pris. Send deg som e-post.

Emne: Blogging

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.