Karl Ove Hufthammer

Ein ny og betre XHTML-/HTML-sjekkar

Det er lett å skriva nettsider som ikkje er syntaktisk korrekte, og som nettlesarar (og søkemotorar) derfor kan få problem med å tolka rett. Til hjelp kan me bruka sokalla HTML-validatorar, men dei er langt frå so nyttige og gode som ein kanskje har inntrykk av. Men no finst det endelig eit godt alternativ!

Me har eit par skikkelige HTML-validatorar som kan brukast gratis:

Desse er teknisk likeverdige (dei utfører begge korrekt validering), men ein kan ha grunnar til å føretrekka den eine eller andre.

Men at eit HTML-dokument er gyldig, vil ikkje seia at det nødvendigvis er korrekt, ikkje nødvendigvis syntaktisk korrekt heller. (Eg skil her mellom omgrepa «gyldig» og «korrekt», der sistnemnte medfører førstnemnte, men ikkje omvendt.) Validatorane brukar DTD-basert validering, som berre sjekkar ein del av dei krava som ligg i HTML-standarden. Dette står for øvrig eksplisitt nemnt i standarden:

Beware that such validation, although useful and highly recommended, does not guarantee that a document fully conforms to the HTML 4 specification. This is because an SGML parser relies solely on the given SGML DTD which does not express all aspects of a valid HTML 4 document. Specifically, an SGML parser ensures that the syntax, the structure, the list of elements, and their attributes are valid. But for instance, it cannot catch errors such as setting the width attribute of an IMG element to an invalid value (i.e., «foo» or «12.5»). Although the specification restricts the value for this attribute to an «integer representing a length in pixels,» the DTD only defines it to be CDATA, which actually allows any value. Only a specialized program could capture the complete specification of HTML 4.

Det er òg verdt å merka seg at desse validatorane berre kan utføra HTML-validering; dei støttar ikkje ekte XHTML. Dei godtar XHTML-dokument, men valideringa er mangelfull. Dei kan lett påstå at eit dokument er både velforma og gyldig, sjølv om ingen av delane er sanne (og einkvar XML-lesar ville nekta å visa dokumentet). For XHTML-dokument bør dei derfor ikkje brukast. Bruk heller ein ekte XML-validator.

Men som sagt, at eit dokument er gyldig, medfører ikkje at det er korrekt. Det er mange krav validatorane ikkje kan sjekka (XHTML har for øvrig fleire av desse ikkje-sjekkbare krava enn HTML har). Det me treng er altso eit skikkelig sjekkeprogram. Og no er det endelig her: Relaxed.

Relaxed utfører vanlig validering, men kan i tillegg sjekka dei fleste andre (syntaktiske) krava, og til og med krav etter offisielle tilgjengeretningslinjer (nynorsk omsetting). Tenesta kan sjølvsagt ikkje sjekka «ikkje-syntaktiske» brot på standarden (der ein for eksempel brukar h2-element for å endra skriftstorleik, i staden for til å definera overskrifter), men det er likevel nesten utrulig kor mykje som er støtta. Tenesta har framleis nokre barnesjukdommar (denne nettsida her er for eksempel heilt syntaktisk korrekt, sjølv om tenesta er ueinig), men er allereie no veldig nyttig. Og ho er eit mykje betre alternativ enn DTD-basert validering, som rett og slett er utgått på dato.

2 kommentarar

  1. Relaxed var noe spennende og nytt som jeg ikke har hørt om før, og den fant en feil som W3C sin HTML-validator ikke fant. XML-validatoren var også nyttig å bli oppmerksom på, og den fant også en feil jeg måtte rette.
    Takk for enda en nyttig artikkel, og en spesiell takk for at du hjalp meg med å løse feilene på nettstedet mitt via Jabber.

  2. Ny HTML-validator fra W3C

    W3C Markup Validation Service kom 8. august i en ny og forbedret versjon, W3C Markup Validation Service v0.7.0, men etter oppgraderingen har brukerene av den populære tjenesten hatt problemer med å få validert dokumentene sine.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.