Karl Ove Hufthammer

E-postproblem og adresseinformasjon

Eg oppdaga tilfeldigvis at eg i det siste har mista mykje av e-posten eg har fått tilsendt. Grunnen var ein feil i e-post­mottakings­programmet eg brukar.

So viss du har sendt meg ein e-post du saknar svar på, venligst send han på nytt. Eg pleier svara på alt (med tid og stunder). Hugs òg at du kan senda meg lyn­meldingar. Dette er den føretrekte kontakt­måten om du ønskjer svar kjapt.

E-postadressa mi er som alltid karl@huftis.org. Eg har òg eit elektronisk visitt­kort (vCard) du kan importera til adresse­boka di. Og har du eit skikkelig e-postprogram, vil det då kunna oppdatera adresse­informasjonen regel­messig – heilt automatisk.

1 kommentar

  1. Har du lese om hCard-formatet? Det er eigentlig berre eit framlegg til ein standardisert måte å skrive html-kode for namn og adresser på. Når nettsider brukar hCard-formatet kan dei rette programmene identifisere koden og dra ut eit vCard av han.
    Det er ikkje så mange av «dei rette programmene» enno, men X2V kan i alle fall omsette hCard frå nettsider til vCard i adresseboka.
    Eg har leika meg litt med hCard-formatet på min eigen side og på kontaktsida til Opplysning 1890. Ta ein kikk, eg trur dette er noko for deg!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.