Karl Ove Hufthammer

Don Giovanni i Bergen

I går var eg og såg Mozarts komiske opera Don Giovanni her i Grieghallen i Bergen. Det er verkelig kjekt å sjå at ein kan få til opera her òg, og at ikkje alt blir sentrert rundt Oslo.

Stykket handlar om den velkjende figuren Don Juan (Don Giovanni på italiensk), ein høgst egoistisk, usmakelig fyr, med ein umettelig appetitt på kvinner, og visstnok med 1003 «erobringar» berre i Spania. Det blir fleire l løpet av dei tre timane operaen varer. Historien står elles fint summert opp i Metropolitan-operaens synopsis.

Opera Vest si tolking av denne klassikaren heldt mål, men berre so vidt. Eg har tidligare nemnt kor lite glad eg er i minimalistisk scenografi. Scenografien her var minimalistisk. Ein hadde ei (skråstilt!) scena, og fire store, svarte speglar. Det var alt. Det fungerte for so vidt bra, og speglane var eit interessant grep, der me kunne sjå songarane frå andre vinklar, men det heile var fryktelig uspennande for ei framsyning som varer i tre timar, og der handlinga føregår ei rekkje stadar.

Men det viktigaste er sjølvsagt skodespelarane/songarane, og her er det éin ting å seia: Hilde Haraldsen Sveen i rolla som Donna Anna var fantastisk. Ho har ein stemme og ei evna til å bruka denne få er forunt å ha. Åse Helén Krystad i rolla som Donna Elvira var òg god, men elles var det ingen som utmerka seg.

Don Giovanni er sjølvsagt den viktigaste rolla, og Håvard Stensvold kom for all del gjennom det heile med ståkarakter, men han imponerte ikkje. Han sprudla for eksempel ikkje akkurat over i «sjampanjearien» (Fin ch’han dal vino), men verka nesten uengasjert. Men som sagt: ståkarakter.

Den sceniske framstillinga kunne òg vore gjort betre fleire plassar. Når for eksempel kommandanten dukkar opp på besøk i siste akt, ser han ikkje stor og skremmande ut, men nesten liten og ynkelig. Dette burde ein fått til betre. Sluttscenen der hovudpersonen forsvinn var for øvrig godt framstilt, sjølv om det såg ut til at Don Giovanni var mest bekymra for å få med seg heile teppet «ned».

Elles bør eg nema at operaen vart sunge på norsk, men det var òg heldigvis tekstmaskin (som godt kunne trengt ein omgang korrekturlesing). Omsettinga var god, reknar eg med (eg kan ikkje italiensk, og har heller inga nærgåande kjennskap til teksten). Ein hadde iallfall fått til fleire rim, og språket flaut rimelig godt.

Alt i alt ei grei framsyning, men ikkje meir. Ho går for øvrig både i kveld (fredag 12. mars) og i morgon, og det er nok kanskje framleis mulig å skaffa seg billettar. Salen var for øvrig heilt full i går!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.