Karl Ove Hufthammer

Den store søvnen – som radiohørespel

Eg har tidligare skrive om filmen Den store søvnen, ein underhaldande krimklassikar av aller beste merke, og ein av favorittfilmane mine.

No har NRK Radioteatret laga eit hørespel av boka filmen er basert på.

Som Philip Marlow møter me, overraskande nok, Lars Andreas Larsen. Men endå meir overraskande er det kanskje at han passar perfekt i denne rolla. Radioteatret har nemlig sendt to Marlowe-hørespel før, og Lars Andreas Larsen imponerte skikkelig der.

Det var òg fleire ting som imponerte med desse hørespela. Dei andre skodespelarane var gode, den tørre, og likevel sers underhaldande humoren var sjølvsagt på plass, men òg musikken, og heile lydbildet var framifrå utforma. Lydteknikaren hadde klart å plassera personane, sånn at me (med hovudtelefonar) kunne høra nøyaktig kor dei sat eller sto i rommet. Dette var ikkje berre vanlige stereoeffektar. Eg hugsar iallfall at eg vart svært imponert når hørespela vart sendt. Og no kjem eit nytt!

Det er berre ein ting å gjera. Benk deg framfor radioen (helst ein heilt mørk plass) med eit par stereohovudtelefonar laurdag 2003-11-01, og dei fire neste laurdagane. Hørespelet går på NRK P1, og første episode begynner klokka 15:15 (merk nytt tidspunktet). Vanlig sendetid for dei resterande episodane er 14:03.

1 kommentar

  1. Den innspillingen du nevner her er tatt opp i NRK Radioteatrets studio i 1984. Jeg har nå mastret og redigert dette hørespillet for utgivelse på CD. Utgivelsen blir en dobbel-CD og vil bli utgitt i nærmeste framtid.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.