Karl Ove Hufthammer

Den gode, den vonde og den hjartelause

6. juni 2004 (oppdatert 20. mai 2009)

Øyvind Hoven Oftedal slo meg med tipset [sida ikkje lenger tilgjengelig], men dette er ein film som fortener å tipsast av fleire! I morgon, måndag klokka 21:00, sender nemlig NRK2 klassikaren Den gode, den vonde og den hjartelause, med blant anna Clint Eastwood i ei av hovudrollene.

Dette er ein nydelig, sakte, spennande, humoristisk og gripande stemningsfull westernfilm du bør sjå, for di eiga gledes skyld! Han er òg grunnlaget for tallause parodiar, klisjear og referansar i seinare film, fjernsyn og annan populærkultur. Spesielt gjeld kanskje dette den fantastiske musikken til Ennio Morricone, som nærast har blitt symbolet på western.

For ei veke sidan var filmen sett på Bergen kino, i nyrestaurert, utvida utgåva. Filmen er både brei og lang, og å få sjå han på det store lerret, i ein av dei største salane i kinoen, med skikkelig lydanlegg – det var stort!

No har filmen gått vidare til Oslo, og i juli kjem han til Trondheim. Her bør kinogjengaren kjenna si vitjingstid, so det so rart heiter på nynorsk …

Elles er det verdt å nemna at filmen var forbudt (!) i Norge i 15 år. Etter det eg har forstått (etter å ha hørt filmen omtalt i Mørkets opplevelserNRK P2) var det ikkje berre direkte grunna volden (det er éi litt stygg voldsscena), men meir måten framstillar ei umoralsk verd og eit manglande verdisyn. I vanlige amerikanske filmar var det alltid heltar og bandittar, der heltane var moralske, omsorgsfulle og gode, og bandittane grusomme og egoistiske. Heltane skaut og drepte, ja, men berre i sjølvforsvar, eller for å forsvara «det gode» (mot «dei vonde»). Det var alltid ein klar, moralsk slutt, der «det gode» vann.

Men i denne filmen er alle meir eller mindre rå og kyniske bandittar. Drep eller bli drepen. Personane handlar ikkje for eit større moralsk gode, berre for seg sjølv. Ein kan kanskje seia at det i tittelen Den gode, den vonde og den hjartelause berre er snakk om grad av hjartelausheit for alle tre. Kinoversjonen som vart sett opp no fekk for øvrig aldersgrensa på 15 år.

Når alt dette er sagt bør eg nok nemna at filmen ikkje minst er veldig underhaldande, ja faktisk direkte morosam. Òg denne kontrasten mellom det morosame og det objektivt grusomme er noko av det som gjer filmen so god.

Først i 1982 vart han sett opp på kinoane, men då i ei klypt utgåva. Eg veit ikkje kva versjon som blir sendt på NRK2, men reknar med det er ei uklypt utgåva, men utan dei nye (og nydubba) scenene som finst i den utvida kinoversjonen.

Filmen ligg for tida på 21. plassIMDbs brukarstyrte liste over dei beste filmane, og er ein av mine favorittar. Eg ser Oftedals 8-ar, og høgnar til 9 av 10 mulige poeng for Den gode, den vonde og den hjartelause. Det har han ærlig fortent!

Emne: Film og fjernsyn

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.