Karl Ove Hufthammer

Charlie’s Angels: Full Throttle

12. juli 2003

I går var eg og òg såg Charlie’s Angels: Full Throttle på kino. Men det var ikkje med vilje.

Eg hadde eigentlig tenkt å sjå reprisen på Chihiro og heksene, men so var eg litt sinnsforvirra då – som eg gjerne er – og klarte å gå inn i feil sal. Etter eit kvarter eller so oppdaga eg òg dette. Men då vart eg like godt sittande.

Filmen Chihiro og heksene (som for øvrig vann Oscar for beste animasjonsfilm og for tida ligg på 44. plass på IMDbs brukarstyrte liste over dei beste filmane) er ein av dei flottaste, mest fantasirike filmane eg nokon gong har sett. Charlie’s Angels er, øh, meir på hi sida av skalaen – for å seia det litt forsiktig. Jo mindre sagt om filmen, desto betre.

Men Chihiro og heksene vil eg anbefala på det aller, aller varmaste. Det er ikkje kvar film ein set opp som reprise på kino (genialt konsept, forresten). Har du ikkje sett han, eller sjølv om du har det, gå og sjå han. Det skal eg. På søndag. Viss eg kjem rett …


Etterord: Eg kom rett. Og filmen var heilt so god som eg hugsa!

Emne: Film og fjernsyn

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.