Karl Ove Hufthammer

Brasils hjarta

20. april 2003

NRK2 har ein gode vane med å senda ikkje-amerikanske filmar på laurdagskveldane. Dette er noko eg, og nok mange med meg, set pris på. Det er utrulig å sjå kor mange flotte filmar ein lagar uti resten av verda, samanlikna med alt det mølet som kjem frå Hollywood.

(Det er sjølvsagt ei feilslutning å tru at all ikkje-amerikansk film er so god. Eg reknar med det meste er fryktelig dårlig, men alle slike filmar som blir sett opp på kino, eller kjemNRK2, kjem der fordi dei har fått kjempegode kritikkar og vunne filmprisar og liknande. So viss det går ein iransk eller serbisk film på kino, kan du vera sikker på at det er ein dødsbra film, og betre enn omtrent alle dei amerikanske filmane som går samtidig. Og då bør du sjå han!)

Vel, tilbake til det eg skulle snakka om. I går sendte NRK2 filmen Brasils hjarta (offisiell heimesida). Dora er pensjonert, men livnærer seg med å skriva brev for folk på togstasjonen i Rio de Janeiro i Brasil (der er det mange som ikkje er lesa-og skrivekyndinge). Ein dag skriv ho eit brev for ei einslig mor med ein ni år gammal son, og seinare ser ho mora bli påkjørt av toget. Brevet var til far til guten, som aldri har sett sonen sin, og ho tar noko motvillig på seg å hjelpa guten å finna han. Det blir ei lang reisa, og Dora og guten – Josué – likar kvarandre ikkje særlig i starten.

Du klarer sjølv å gjetta kva som skjer vidare. Me har sett slike ferdafilmar so altfor mange gongar før, og handlinga i desse kan lett oppsummerast:

  1. To menneske mislikar kvarande veldig, men blir «tvinga» til å reisa saman på ei lengre reisa.
  2. Etterkvart som reisa fer fram, utviklar dei eit varmt og nært venskap (eller kjærleiksforhold).
  3. Dei kjem fram, og har utvikla seg og modnast som menneske (og regissøren/manusforfattaren synest han er so genial, då han har fått til djup symbolikk med både ei ytre og ei indre reisa).
  4. Slutt – endelig!

Det som skil denne filmen frå alle desse andre, er at han er – bra. Det er faktisk ein av dei betre filmane som har blitt sendt på norsk fjernsyn i det siste. Meir kan eg nesten ikkje seia, men eg vil iallfall anbefala han på det varmaste.

Emne: Film og fjernsyn

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.