Karl Ove Hufthammer

TUX – Linux for nybegynnarar

2. april 2005 (oppdatert 24. mai 2009)

257TUX er eit nytt datablad med ei uvanlig målgruppe: ferske Linux-brukarar.

Her er det ikkje ei kommandolinja i syne! Du finn heller artiklar om korleis du kan høra på all musikken din (med amaroK) og korleis du kan organisera fotosamlinga di (med digiKam). Artiklane har detaljerte steg for steg-oppskrifter som lósar deg gjennom det heile.

Bladet er tilgjengelig gratis i PDF-formatet, og er på heile 55 sider, laga for lesing på skjerm (fullskjermmodus).

Det var på tide me fekk eit Linux-blad for brukarar – ikkje for nerdar. TUX er eit blad for folk som er interessert i å bruka maskina som eit verktøy, og til underhaldning, og som ikkje bryr seg det spøtt om kva som måtte føregå under panseret.

Og kanskje bladet kan vera med på å overbevisa nokon om at Linux faktisk er lettbrukt og godt eigna for «vanlige» folk med «vanlige» interesser?

Emne: Programvare

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.