Karl Ove Hufthammer

Seroppgåva om Amalie Skram

23. juli 2005

Ein gong, for mange Herrens år sidan, fekk me stakkars ungdomsskuleelevar beskjed om å skriva ei omfattande seroppgåva i norskfaget. Eg hugsar lite av oppgåvene, men eg trur me skulle ta for oss éin norsk forfattar frå ein litterær tidsepoke, skriva om epoken, skriva om forfattaren, og lesa og analysera éi av bøkene hans/hennar.

Eg valde Amalie Skram, naturalismen og romanen Sjur Gabriel. Resultatet vart ei oppgåva på 20 sider, som eg seinare la ut på Internett, for dei som måtte vera interesserte i sånt.

Det var det tydeligvis fleire som var. Eg har funne igjen delar av oppgåva på fleire nettsider (med mine skrivefeil), og eg veit elevar har tatt direkte avskrift for sine eigne seropgåver (og blitt tatt!). Dette er òg den av nettsidene mine eg har fått mest e-post om – stort sett spørsmål om kva karakter eg fekk (M), og om ein får sitera frå oppgåva mi (sjølvsagt, med kjeldereferanse).

No er oppgåva tilgjengelig her, med nokre få forbetringar. Alle skrivefeilane skal vera retta, oppgåva er forsiktig språklig oppdatert (no når eg kjennar nynorsknormalen betre), og manglande opplysingar i litteraturlista er lagt inn (oi, kor lett slikt er å finna no når me har Internett).

I tillegg til nettsideversjonen nedanfor, har eg òg laga eit par utskriftsversjonar i PDF-format, for éin- og for tosidig utskrift. Bruk desse viss du vil skriva ut oppgåva (kvaliteten er mykje betre enn ved utskrift av nettsida).

Og som ein liten kuriositet har eg funne fram originaloppgåva, som eg òg har fått gjort om til PDF-format. Akkurat slik såg oppgåva ut (men ellipsen på framsida var dekka av eit bilde av Amalie Skram eg hadde klypt og limt på). So no kan ein kosa seg med å samanlikna språk og typografi på den gamle og den nye utgåva. Det har forhåpentligvis gått framover på begge områda.


Føreord

Amalie Skrams forfattarskap har vist ein overveldande levedugleik. I dag er ho ein av våre mest leste forfattarar, og ho er den mest aktuelle og moderne av romanforfattarane frå det førre hundreåret. Ho tilhører då òg «gullalderen» i norsk litteratur, saman med Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie. Ho er vår fremste naturalistiske diktar, og som so mange andre store diktarar, møtte ho sterk motstand i si eiga samtid. Debutromanen Constance Ring frå 1885 måtte ho utgje på eiga hand, for Gyldendal og andre forlag syntest innhaldet var for provoserande.

Men ho oppnådde etterkvart anerkjenning, ikkje minst etter at dei første binda av romansyklusen Hellemyrsfolket begynte å komma ut. Litteraturhistorikaren Henrik Jæger skreiv om henne at ho førte den mandigste, den mest håndfaste penn, noen norsk dame til dato har ført. I det hele tatt er hun en av de djerveste og mandigste talenter i ny norsk litteratur.

Sjølv følte ho likevel mangelen på anerkjenning som tungande. Ho fekk ikkje dei stipenda ho søkte på, og strevde med økonomiske byrder. På eit udatert kladdeark, sannsynligvis frå slutten av 1890-åra, skreiv ho:

Odin straffer sin Valkyries formastelige oppsetsighet ved å lenke henne til klippen i universets ødeste bjergegne. Hadde han visst rigtig beskjed, ville han istedetfor ha gjort henne til norsk forfatterinne.

Innleiing

Amalie Skram er den forfattaren eg har valt å skriva om i denne seroppgåva. Årsaka til dette er at eg synest det er spennande å få veta meir om ein forfattar som geografisk ikkje kom so langt frå her eg bur. I tillegg har eg hatt lyst til å læra ein del om kva naturalismen gjekk ut på, både når det gjeld innhald og skrivemåte. Sidan Amalie Skram òg var den einaste forfattaren innanfor naturalismen me kunne skriva om, vart ho eit naturlig val for meg.

Det eg vil gjera i denne oppgåva, er først å seia litt om kva naturalismen er, og so skriva litt om Amalie Skram og livet hennar. Vidare vil eg ta for meg ein del ulike romanar av Skram, og seia litt om innhaldet i ein del av denne litteraturen. Til sist vil eg gå grundig inn på Sjur Gabriel og sjå om Amalie Skram har nytta serskilde naturalistiske trekk i denne romanen, noko eg trur ho har. Eg vil visa dette med eksempel frå boka.

Naturalismen (ca. 1880/1885–1890)

Litteraturen utover i 1880-åra endra karakter. Han var framleis problemorientert, men problema som vart tatt opp, var andre enn tidligare. Fattigdomen vart skildra på ein heilt annan måte enn før, og det var skuggesidene i livet som vart omtalt i bøkene. No var det viktigaste forteljingar der det kroppslige, nauda og sjukdommar fekk ein stor plass. Det var verkeligheita som skulle skildrast, og verkeligheita var som oftast ikkje lykkelig. Sveittelukt, blod, snørr og kroppslige skildringar i bøkene er kjenneteikn på den naturalistisk skrivemåten. Òg seksualitet og kjønnsmoral vart meir ope skildra og fekk ein breiare plass enn i bøkene i realismen.

Menneskesynet endra seg. I realismen hadde forfattarane hatt trua på at det enkelte individet kunne gjera opprør for å endra sin eigen livssituasjon, og dermed bidra til at heile samfunnet vart endra. I naturalismen meinte forfattarane at menneska sin skjebne var fullstendig bestemt av arv og miljø. Dette er eit pessimistisk menneskesyn. Menneska er altso hjelpelause produkt av arv, miljø og skjebne. Det er på sett og vis realismen som vert meir ekstrem.

Naturalisme er altso deterministisk dikting. Det vil seia at menneska, under dei omstende dei er i, umulig kan handla annleis enn dei gjer. Menneska er bestemte på førehand, av arv og miljø. Ein kan derfor ikkje fordømma handlingane deira. Dei naturalistiske forfattarane ville altso retta merksemda mot det miljøet som forma menneska. Dette var ei av årsakene til at naud og fattigdom fekk so brei plass i litteraturen frå denne perioden. Når dei skreiv om elendet slik det var i verkeligheita, håpa dei at lesarane skulle reagere og kjempa for å betra tilhøva. Diktinga går frå tendens i realismen til tragedie i naturalismen.

Forfattarane i naturalismen var enda tydeligare inspirert av moderne naturvitskap enn realistane. Teknikken desse forfattarane brukte, var å forsvinna bak stoffet. Verkeligheita skulle tala for seg sjølv, utan nokon kommentarar frå dei. Idealet var ei objektiv framstilling – mest mulig lik ei avfotografering. Diktinga skulle undersøka og skildra tilhøva, og lesarane skulle skjønna at personane var nøydde til å handla slik dei gjorde. Det var ingen forfattarkommentarar i bøkene, og heller inga forklaring frå forfattarane. Bøkene frå denne perioden enda som oftast dårlig, for det var slik røynda var.

Naturalistane sitt litterære program

Det litterære programmet til naturalistane var samansett. Dei var inspirerte av den nye naturvitskaplige tenkemåten, serlig slik han vart utforma innanfor medisinen. Dei retta merksemda mot samfunnets og menneska sine nattsider: driftene, sjukdom, fattigdom og død. Dei var opptatt av årsakssamanhengar, og såg mennesket som eit produkt av arv og miljø. Og dei var opptatt av at dette sanne måtte fram, sjølv om det var ubehagelig og kanskje førte øydelegging med seg.

Men sjølv om naturalistane var opptekne av at verkeligheita skulle skildrast so nøyaktig og objektiv som mulig, var dei merksame på at framstillinga måtte vera farga av diktaren sitt temperament. Og paradoksalt nok førte det iherdige forsøket på å vera so nøyaktig som mulig til at detaljane fekk ein overdriven og ofte biletlig meining. Sånn har det seg at naturalistane òg overskreid sitt eige program og skapa symbolske og mytiske mønstre i diktinga si. Dermed vert ikkje diktinga deira så grå og trøysteslaus som mange har vilja ha det til.

Amalie Skram

Oppveksten

Berthe Amalie Alver vart fødd i Bergen 22. august 1846. Av ni søsken var det berre fem som levde opp: Amalie og fire brør. Faren var innflyttar og starta ein liten kjellarhandel. Mora var dotter av ein lappeskomaker i Bergen. Amalie voks opp i enkle og til tider ganske tronge kår. I 1863 gjekk faren konkurs. Rekneskapen var ikkje heilt i orden og han reiste i all hast til Amerika. Forholdet mellom foreldra var dårlig, og det vart aldri til at mora kom etter med ungane. Ho var svært ærgjerrig på deira vegne, og dei fekk ein skulegong og omgangskrins som ikkje sto i forhold til økonomien.

Müller

Kort tid etter faren si reise vart Amalie forlova med den 9 år eldre skipskapteinen Bernt Ulrik August Müller, og knapt 18 år gammal gifta ho seg – kanskje under press frå den ærgjerrige mora som meinte at partiet var svært fordelaktig. Ekteskapet var skrøpelig frå første stund, trass i at begge to gjorde alt for å betra forholdet. Ho vart med mannen sin og dei to sønene deira på lange sjøreiser, lærte seg fleire språk, og vart, som ho skreiv i eit brev frå denne tida, en så komplett sjømann, at jeg mange ganger har gått på dekket når vi har lagt til, for 3 stumper og fastgjort fokk. Ho vart aldri sjøsjuk, og viste aldri frykt i desse vanskelige og farlige situasjonane. Erfaringar frå desse reisene og frå opphald i framande hamner brukte ho i fleire bøker, serlig i To Venner, Fru Inés og Forraadt.

Skilsmissa

Men ekteskapet med kaptein Müller var vanskelig, og Amalie var svært ulykkelig. Etter at ekteparet hadde slått seg ned i Bergen i midten av 1870-åra, kom ho inn i ein kulturradikal krets i byen. Ho vart politisk radikalisert, og trass i harde indre kampar, gav ho opp sitt kristne livssyn. Avstanden til ektemannen vart stadig større. Etter at svigerfamilien hadde prøvd å overtala henne til å vera i ekteskapet, fekk ho nervesamanbrot, vart innlagd for eit kortare opphald på Gaustad asyl og flytta ikkje heim til Bergen etterpå. Fram til ekteskapet vart formelt oppløyst i 1882, budde ho skiftevis hos dei to brørne sine, i Fredrikshald (no Halden) og Kristiania.

Den radikale kretsen

Mens ho framleis budde i Bergen, knyta Amalie seg til ein radikal krets rundt avisa Bergens Tidende. Ho skreiv si første bokmelding i 1877. I Fredrikshald tok ho opp denne tråden, og skreiv bokmeldingar og artiklar i Smaalenenes Amtstidende. Då ho nokre år seinare flytta til Kristiania, markerte ho seg som ein modig forsvarar av den nye litteraturen, med artiklar i det radikale Dagbladet, blant anna om Ibsens Gengangere. I 1882 fekk ho publisert si første forteljing, novella Madam Højers Leiefolk. Det var ei novella om ein fattig arbeidarfamilie som nokså brutalt vart kasta ut frå bustaden sin. Den skarpe skildringa av sosial nød vakte ein del oppsikt. Allereie her merkar ein eit trekk som gjekk igjen i Amalie Skrams forfattarskap: viljen til å skildra fattigdom og fornedring krast og direkte, men med medkjensla i botnen.

Erik Skram

Same år møtte Amalie Müller den danske forfattaren Erik Skram i Bjørnson sin 50-årsdag på Aulestad, og i 1884 gifta ho seg med ham og busette seg i København. Erik Skram gav opp sin eigen forfattarskap, mens Amalie vart svært produktiv som forfattar, sjølv om ho ofte klaga over at ho arbeidde tungt.

Samanbrotet

Ekteparet delte det økonomiske ansvaret for familien, levde på mange måtar eit moderne liv, og i 1889 fødde ho, 43 år gammal, ei dotter. Men presset av å vera både forfattar, hustru og småbarnsmor førte til eit nytt nervesamanbrot i 1894. Då vart ho, overarbeida og nedbroten, lagt inn på psykiatrisk avdeling på Kommunehospitalet i Roskilde. I 1895 publiserte ho to romanar frå opphaldet sitt på desse psykiatriske institusjonane.

Skilsmissa

I 1899 vart ho skild frå Erik Skram, etter store ekteskaplige kriser. Mannen hennar hadde hatt eit anna forhold mens ho var innlagt, og hadde tidligare vore utro mot henne. Samme år skreiv ho òg ein artikkel i Verdens Gang, der ho erklærte seg som «dansk forfattar». Ho var skuffa over at Noreg ikkje hadde tatt betre imot henne som forfattar. Serlig hadde det såra henne at dei to siste binda av Hellemyrsfolket møtte so stor motbør i hennar eigen heimby. Likevel er forfattarskapen hennar udiskutabelt norsk: Med nokre få unntak legg ho handlingane i romanane sine til Noreg. Det er norsk miljø og norsk kultur ho formidlar, og dette gjer seg òg gjeldande i hennar siste, ufullførte, roman Mennesker, som heftevis kom ut frå 1902 til 1905.

Forfattarstilen

Sjølv om Amalie Skram etter kvart opplevde anerkjenning frå mange hald, vakte bøkene hennar først og fremst forarging. So var då òg det litterære programet hennar å avsløra løgn, hykleri og undertrykking:

I alle mine bøker har jeg skildret det mest uædle, det stygge og heslige og råe. Fra begynnelsen av fordi alt dette stygge forferdet meg så dypt, vakte min avsky og harme så at jeg ikke kunne bli kvitt det, før jeg hadde fått det ned på papiret. Senere fordi jeg lærte å forstå, å være medlidende.

Den naturalistiske retninga i litteraturen vart boren fram av nokre få forfattarar i Noreg. Amalie Skram, Hans Jæger og Arne Garborg var dei mest konsekvente forsvararane av denne litterære retninga. Dei ynskte å vekka lesarane sin sosiale medvitskap, appellera til rettferdssans og medynk, og mana til arbeide, arbeide for å lindre, som Amalie Skram uttrykte det.

Amalie Skram er mest kjend for romanserien Hellemyrsfolket og for ekteskapsromanane. Men ho har òg skrive mange innsiktsfulle forteljingar om ungar. Ho viser kor avhengige ungar er av dei vaksne rundt seg, korleis dei er utleverte til forståing eller mangelen på forståing i miljøet rundt dei. Ho skildrar òg forskjellen i gute- og jenteoppsedinga, som stimulerer ulike sider ved personligdommen hos dei to kjønna. Det er eit djupt pessimistisk preg over storparten av det Amalie Skram har skrive. Hennar eigne erfaringar var heller ikkje berre lyse, med foreldras ekteskap som gjekk i stykker og hennar eigne to skilsmisser. I tillegg kom det ho opplevde som forfattar, at ho stadig vekk møtte moralsk fordømming fordi ho som kvinne våga å skriva som ho gjorde. Ho hadde vennar som trakk seg unna då Constance Ring kom ut. Men pessimismen vert overskugga av den sterke medkjensla hos henne, slik ho formulerer den i eit brev mot slutten av livet sitt: Jeg synes saa Synd i os alle sammen … Er vi ikke alle Produkter, som er og maa være, som vi er?

Amalie Skrams forfattarskap

Amalie Skrams forfattarskap kan grovt sett delast i tre grupper: ekteskapsromanane Constance Ring (1885), Lucie (1888), Fru Inés (1891) og Forraadt (1892), sinnssjukehusromanane Professor Hieronimus og Paa St. Jørgen (begge frå 1895), og Hellemyrsfolket, ein romansyklus i fire bind (1887–1898).

Ekteskapsromanane

I dei fire ekteskapsromanane utforskar Amalie Skram spørsmålet om kva kvinnelig seksualitet er, og kva føresetnader som skal vera oppfylde for at kvinner skal kunna elska. Ho tar opp dobbeltmoralen i samfunnet, som kravde at jenter skulle vera totalt uerfarne og uvitande, mens menn kunne leva nokså utsvevande både før og i ekteskapet. Amalie Skram behandla dette emnet ut frå ulike synsvinklar. Mellom anna forsvara ho dei «falne kvinnene», dei prostituerte. Når dobbeltmoralen godtar at menn lever utsvevande, må ein òg godta dei kvinnene som er offer for utsvevingane. Prostitusjon er ei logisk følgja av dobbeltmoralen. Samtida hennar likte ikkje det ho viste dei om kvinneliva, kanskje fordi romanane var so moderne. Mest gripande, personlig og original av desse er Fru Inés, den romanen forfattaren sjølv skriv at ho setter … på en måte høyest av hva jeg har skrevet.

Constance Ring

I 1885, sterkt påverka av naturalistiske idear, skreiv ho Constance Ring. Boka skildrar kvinnelig seksualitet på ein måte som til då var heilt uhøyrd. Det var ikkje lett å få boka utgjeven. Naturalismen var ikkje berre populær, og at boka var skriven av ei kvinna gjorde ikkje situasjonen noko betre. Det enda med at boka kom ut på eit lite dansk forlag. Amalie kjende seg meir heime i Danmark enn Noreg, og fekk då òg meir aksept der enn i heimlandet. Bjørnson var ein god ven av Amalie, men etter at ho sendte han eit eksemplar av Constance Ring, vart han forarga. Han sende boka tilbake ulest, og syntest det var svært merkelig at hennar mann hadde gjeve ho lov til å skriva ho. Han som støtta Amalie offentlig var Arne Garborg, ein annan naturalistisk forfattar, og ho var ham evig takknemlig.

Boka handlar om Constance sitt ulykkelige ekteskap. Ho ber presten om råd, for ho ynskjer ei skilsmissa. Men saman med familien til Constance driv presten henne tilbake til ekteskapet, sjølv om det er heilt klart at mannen er utru. Seinare dør mannen, og Constance giftar seg på nytt, med ein mann som ho trur har henne som sin einaste kjærleik. Men han òg er utru, og på den måten viser det seg at Constance sitt liv går i ein ring … (jf. tittelen)

Romanane til Skram tar òg opp dei psykologiske følgjene av dobbeltmoralen. Constance Ring får kjærleiksevna si drepen av dobbeltmoralen hos dei mennene ho møter. Livet hennar enda i sjølvmord.

Forraadt

Nokre år seinare skreiv Amalie nok ein roman om eit ulykkelig ekteskap, Forraadt (1892). Her møter me den unge Ory, som, totalt uvitande om den seksuelle sida ved ekteskapet, vert gifta bort til ein eldre mann, kaptein Riber. Ho får eit sjokk ho aldri kjem over, og hemnar seg ved ustanselig å pressa ektemannen til å snakka om sitt tidligare liv, til ho driv mannen sin til vanvit. Ho borar nådelaust i fortida hans, som ho synes er svært syndefull, men toler ikkje at han kjem for nær ho. Riber begynner gradvis å forandra seg. Han vert søvnlaus, fortvila, begynner å drikka, og mistar styringa både på seg sjølv og skipet. Boka endar med at han i fortviling druknar seg.

Då Foraadt kom ut, hevda Herman Bang i Bergens Tidende at Amalie Skram var trådt inn i mystikernes krets og viste til varsla, draumane og spøkelsa i boka. Påstanden har sidan vorten gjenteken av andre. Men sjølv avviste ho han:

Å skildre mennesker for hvem drømmer og «varsler» og «spøkelser» betyr noe, er ikke å være mystiker. At spesielt drømmer i en skildring tar seg ut som varsler eller profetier kommer av at man, i en eller annen form, alltid drømmer om det man frykter, tenker på eller ønsker.

Lucie

Den litle romanen Lucie (1888) handlar om ekteskapet mellom ein advokat og hans «holddame», ein tivoli-artist, og om hans kamp for å tvinga hennar sunne og spontane natur inn i borgarlige mønster. Det er ikkje berre fortida hennar som plagar han, men òg klasseforskjellen og hennar mangel på manerar. Han kan ikkje godta henne som ho er. Det fell han aldri inn at han òg har ei «fortid», eller at hennar klassebakgrunn kan vera like bra som hans; ho er tømmermannsdotter.

Fru Inés

Fru Inés vart utgjeven saman med eit par noveller under tittelen Kjærlighet i Nord og Syd (1891). Handlinga går føre seg i Konstantinopel og hovudpersonen er ei spansk levantinerinna. Ho er gift med ein rik, brutal og pervers gammal svenske – og rastlaust på jakt etter den store erotiske opplevinga:

Hvorfor skulle hun være skapt annerledes enn andre kvinner, hun med sitt dune, frodige legeme. Blod og drift hadde hun i seg, ellers ville det ikke kunne hende at hun opplevde dette henrykkelsens mysterium i drømme som hun aldri hadde kjent i våken tilstand.

Ein ung engelskmann forelskar seg i henne og vekker nye håp. Men heller ikkje denne gangen lykkast det. Og for å ikkje skuffa han og røpa denne triste hemmelighet, at naturen så grusomt hadde forsømt henne, bryt ho med han. Boka endar med døden for dei begge.

Sinnssjukehusromanane

Både Professor Hieronimus og Paa St. Jørgen er tydelig sjølvbiografiske. Hennar eigen kamp mot ein overlege som insisterte på at ho var gal, mens ho sjølv oppfatta seg som overanstrengt og nedbroten, dannar utgangspunktet. Dei to sinnssjukehusromanane fortel om målarinna Else Kant som urettmessig vert definert som gal. Ho let seg frivillig leggast inn, men får ikkje lov til å komma ut att. Viss pasientane gjer opprør, vert dei stempla som galne og mistar alle rettar. Kvinnene på institusjonen kan visa medkjensla, forstå og trøsta, men dei òg må underkasta seg overlegen Professor Hieronimus for å halda på plassen sin. Men kva vil det egentlig si å være sinnssyk? spør hovudpersonen i romanen.

Else Kant vel å kjempa vidare mot professoren og det han står for. Dermed vert boka avslutta med håp i staden for fortviling. Boka Professor Hieronimus angrip personen meir enn systemet. Dette inntrykket vert forsterka ved at overlegen i Paa St. Jørgen er hans rake motsetnad.

Hellemyrsfolket

I Hellemyrsfolket følgjer Amalie Skram ei fattig slekt frå Nordhordland gjennom fleire generasjonar, og kampen deira for å få eit betre liv. I eit brev til Jonas Lie frå 1887 har ho fortalt korleis arbeidet med det første bindet i romansyklusen, Sjur Gabriel, begynte:

Jeg sat og lavede på en fortælling om en gut, som lider meget i sin barndom og dør som attenårs student. Da jeg var kommet et stykke ind i fortællingen, måtte jeg ha hans foreldræs fortid med. Jeg gik da tilbage til dem … Da jeg så hadde fåt ferdig en hel del om forældrene, måtte jeg også skildre deres slægts fortid og så sprang jeg til guttens forældres besteforældre, som er Sjur Gabriel og Oline.

Og etter at verket var fullført i 1898 skreiv ho til Bjørnson:

Jeg ville prøve å vise hvordan det i det virkelige liv kunne gå til at noen ble tyver og lovovertrædere, mens så mange ikke ble det.

Johan Ludvig Alver har skrive at då søstera hans budde hos han for å skriva tredje del av Hellemyrsfolket, kunne ho kome ut frå rommet sitt om kvelden heilt oppløyst i gråt, og seia at ho hadde hatt ein god dag. Det ville seia, ho hadde fått skrive mykje om det tristaste triste.

Det er i Hellemyrsfolket Amalie Skram mest konsekvent har prøvd å følgja naturalismen sitt program om å etterprøva arvas og miljøets determinerte verknad på livet til enkeltmenneska. Sivert Myre, som vert følgt i tre av binda: To Venner (1887), S.G. Myre (1890) og Afkom (1898) vert følgt av den skamma det er å vera barnebarn av den drikkfeldige Oline frå Hellemyren. Han var då òg årsaka til hennar død. Og han stel, lyg og diktar livet sitt om. Men forfattaren gjer han ikkje berre til eit produkt av sine omgjevnader; ho stiller òg spørsmål om ansvar og val. Kunne Sivert handla annleis, eller er han eit fullstendig determinert menneske?

I S.G. Myre og Afkom vert òg skjebnen til søskenparet Severin og Fie Myre følgt. Mest av alt vert det fokusert på den belastninga det er å ha ei vond mor. Ikkje berre fattigdom, men òg mora si kjærleiksløyse øydeleggjer deira livssjansar.

Då Hans Aanrud hevda at Amalie skreiv om ondskapas makt i Afkom, tok ho skarpt igjen:

Jeg har aldri skildret ondskapen, for jeg har aldri møtt den på min vei. Det som overfladiske og doktrinære mennesker kaller ondskap, er for meg nødvendigheter, resultater. Har jeg villet noe med hva jeg har skrevet, så har det vært å bringe en og annen til å forstå, til å se og dømme mildt.

Dette verket er, i likskap med ekteskapsromanane, djupt pessimistisk. Dei mannlige hovudpersonane går under, og to av dei viktigaste kvinnelige hovudpersonane, Oline og Petra, er utilstrekkelige som mødre. I den velståande konsulfamilien Smidt, som vert kontrastert med familien Myre, er det rett nok generøsitet og kjærleik. Men den yngre generasjonen der lid av livsleie og splitting. Likevel er ikkje verket utan håp. Kjærleiken mellom søskena framstår som det einaste forholdet som er friteke frå undertrykking og øydelegging. Dette perspektivet vert ført vidare i den uavslutta og merkelige romanen Mennesker, i skildringa av kjærleiken mellom søskenparet Sven og Anette.

Tittelen på denne romanen viser òg ei forskyving i Amalie Skrams interessefelt, over mot ei stadig sterkare allmenngjering av de problemfelta ho krinsa om. Det er ikkje berre kvinners og menns kjønnsspesifikke livsforhold ho er oppteken av å forstå og forklara; ho prøver òg å finna svar på kva eit menneskeliv er. På eit kladdeark frå slutten av livet hennar kan me finna eit av hennar forsøk på å formulera eit svar:

… en menneskesjel er en klode som uantastelig svever om i universet, det endeløse, det evige.

Første bind i Hellemyrsfolket, Sjur Gabriel, tar til i 1820-åra og fortel om ein småbrukar- og fiskarfamilie i Hellen, rett nord for Bergen. Familien slit dag og natt, inkludert kona Oline, når ho ikkje er full. Ho har fødd ni ungar på tolv år, men berre fem av dei levde opp. Livet ho enda opp med er so forskjellig frå det ho drømde om då ho var sytten år gammal og forlova med ein engelskmann, om me skal tru ho sjølv: Han ville ha tatt meg te kåna si og tekje meg mæ seg åt Paradis, men so gjekk han sta å drukna, tøskjen. Men livet er ikkje so verst heller. Når ho berre fekk koma seg til byen og få tak i ei flaska, var det likevel gildt i verden. Sjølv om Sjur Gabriel slo henne iblant, var han ikkje langsint. Grunnen til at han slo henne var alkoholbruken hennar.

Men Oline vert sjuk og må sendast på sjukehus, mens Sjur Gabriel må vera heime og arbeida. I tillegg har Oline nettopp fødd ein liten gut, døypt Vesle-Gabriel etter faren. Faren må òg passa på ungen, og vert til slutt veldig glad i han. Han let ikkje nokon annan komma i nærleiken av ungen. Han ser på Vesle-Gabriel som ei tilgjeving på ei gammal synd han gjorde i ungdommen sin. Men etter ei tid med sjukdom, dør Vesle-Gabriel. Fra den dag av drakk både mann og kone på Hellemyren. er den siste setninga i boka.

Sjur Gabriel var Amalie Skrams bok nummer to, og var kunstnerisk sett eit lang steg fram frå Constance Ring. Komposisjonen er stram og fast. Som i alle romanane sine, framstiller ho helst i scener, dernest gjennom personens tankar. Replikkane, som er i rein dialekt (Nordhordlandsmål og bergensmål), høyrest veldig ekte ut (sjølv om ho seinare har vorte kritisert for formfeil på Nordhordlandsken).

Same året kom bok nummer to, To Venner. Handlinga går føre seg i starten av 1850-åra. Sønene frå Hellemyren er no arbeidsfolk i Bergen. Jens liknar på faren og Magne på mora. Dottera Ingeborg vart gift litt høgare oppe på den sosiale rangstigen. Deira felles problem er mora, som no vandrar rundt i gatene under namnet «Småfylla». Saman med Tippe Tue er ho ofte til fryd for ungeflokkane i byen, men til skam for eldste sonesonen, Sivert Gabriel. For å sleppa vekk frå «Småfylla» bestemmer guten seg for å dra til sjøs med barken To Venner. Det meste av denne boka vert fylt med Sivert sine opplevingar til sjøs. Men akkurat som farmora brukte brennevin, tyr han til løgn og omdikting av verkeligheita for å unngå pinlige realitetar.

Tredje bind, S.G. Myre (1890), fortel vidare om Sivert. Han missar jobben sin hos kjøpmann Munthe på grunn av at han hadde komme dottera for nær. Men konsul Smith hjelpte han med sin eigen kjellarhandel på Strandsida – mot at han giftar seg med konsulens husjomfru, Petra. Sivert vert vitne til at Sjur Gabriel døyr. For å unngå ei pinlig scena med «Småfylla», slår han henne like hard som Sjur Gabriel hadde for vane. Men denne gongen døyr ho av det.

I fjerde bind, Afkom (1898), går handlinga føre seg i 1870-åra. Sivert-familien strevar for å hevda seg overfor overklassen og slå gjennom økonomisk. Sivert prøver på ærlige og uærlige måtar å skaffa pengane som trengst til å halda ungane på dei same skulane som barna frå overklassen. Og gjennom den nære kontakten får barna, Severin og Fie, sterkare oppleva avstanden mellom klassane. Severin, som liknar på faren, fuskar for å hevda seg, og då han forelskar seg i Lina, får han kjensler av sosialt mindreverd. Fie forelskar seg i løytnant Riber, og vert utnytta av han, men han forlovar seg med Lina. I ein svak augneblink stel han frå sin beste ven, vert avslørt, og overmanna av skamma gjennomfører han det sjølvmordet faren prøvde på ein gong.

Etter å ha lest Afkom skreiv Gustav Wied at Amalie Skram var den mest stolte kvinne i verda: Gud forbarme sig hvad er vi andre for nogen usselige Lus.

Skram sysla òg med planar om eit femte bind av Hellemyrsfolket: Afkoms Afkom. Men det vart med planane.

Analyse av Sjur Gabriel

Sjur Gabriel er ein problemorientert roman. Problema som vert tatt opp er først og fremst fattigdom, alkoholproblem og død. Familien i Hellemyren er veldig fattige, og Oline har problem med å styra trongen etter alkohol. På slutten av boka ser me at både Oline og Sjur Gabriel lar alkoholen ta overhand over livet deira. Årsaka til dette er at vesleguten deira dør av strupehoste, og dette taklar dei ikkje.

Eit eksempel på korleis røynda vert skildra er når vesleguten deira, Vesle-Gabriel, får eit anfall av strupehoste:

Anfallet blev heftigere og heftigere. Det brøt og knaket i barnets bryst, mens det hev og hikket efter været. Øinene rullet villere enn noensinne. Pupillene vrengtes inn under øienlukkenes hjørner. Der blev de stående som fastnaglet med en død stirren. Hodet boredes bakover, brystet stod høit i været. Den knurrende lyd inne fra halsen, den blåsorte farve, den dryppende svette, det hvitgule skum – alt sammen kom igjen. Og så den forferdelige stivhet, den isnende kulde i legemet, de små fingrer så fast knyttet at neglene var blåsorte.

Kjenneteikna på naturalismen er tydelig tilstades i denne kroppslige skildringa. Me får høyre om sveitten, skummet rundt munnen og det stive legemet på ein brutal måte.

Naturalismen er deterministisk dikting. I Sjur Gabriel ser det ut til at ungdomssynda til Sjur Gabriel, då han grov ned spedbarnet i jordgolvet i eit fjøs, heimsøker han, og er ei årsak til at Vesle-Gabriel døyr. Han trur at det er ei straff frå den strenge, gromme Gud der oppe.

Den fattigdomen som Sjur Gabriel og familien lever i, er det umulig for dei å unnsleppa. Dei vert hjelpelause produkt av arv, miljø og skjebne. Alt dette er tydelige teikn på at me har med ein naturalistisk tekst å gjera.

I kapittelet om naturalismen står det at naturalismeforfattarane nytta ein spesiell teknikk, nemlig å «forsvinna» bak stoffet. Heile Sjur Gabriel er prega av denne teknikken. Me får høyra historia utan at forfattaren kjem til syne. Det er ikkje forfattarkommentarar i boka, men det er likevel ei viss vurdering i ordvalet til Amalie Skram. For eksempel skriv ho at Gården han eide var så ussel å se til, at den mest lignet en utmark, og huset han bodde i ikke større enn en plasshytte. Ordet «ussel» vert brukt for å skildra korleis huset ser ut, og framstellinga er då på sett og vis prega av forfattaren sitt syn: Ho vil at me skal sjå garden som ussel og fattigslig.

Diktinga skulle undersøkja og skildra tilhøva, og lesarane skulle forstå at personane måtte handla slik dei gjorde. Gjer me det i Sjur Gabriel? Forstår me korfor Sjur Gabriel vert alkoholikar? Ja, me ser tydelig at årsaka ligg i dødsfallet til Vesle-Gabriel. Me forstår òg til ein viss grad korfor Sjur Gabriel pryler Oline etter ho stakk av frå båten for å få tak i brennevin.

Sjur Gabriel er altso ein typisk naturalistisk roman. Boka har alle trekka til den naturalistiske skrivemåten, som for eksempel brutale fattigdomsskildringar, pessimistisk menneskesyn og determinisme.

Konklusjon

No har eg skrive ein del om naturalismen, Amalie Skram og bøkene hennar. I tillegg har eg sett nærare på Sjur Gabriel, og funne ut at dette er ein roman med mange naturalistiske kjenneteikn. Når eg les denne boka får eg eit innblikk i kva naturalismen går ut på. Determinisme, objektivisme og brutale fattigdomsskildringar er gjennomgåande trekk i boka.

Etter å ha jobba med oppgåva har eg lært mykje om Amalie Skram og naturalismen. Det har vore interessant å sjå korleis Sjur Gabriel er eit eksempel på naturalistisk dikting. Sjølv om Sjur Gabriel var ei tragisk bok, var ho òg kjekk å lesa. Spesielt dialektbruken til Skram var gøy å lesa, for eg kjende att både bergensmålet og strilemålet.

«Ja kvinnfolkene e’kje go’te bli klok på», seier ein seilmakar i To Venner, men eg synest at Amalie Skram både var ei klok dame – og til å verta klok på, etter at eg har lest so mykje av og med ho.

Litteraturlista

Engelstad, Irene Et forfatterportrett AL Biblioteksentralen 1993
Folkedal, Kåre Ord i tid 2 Det Norske Samlaget 1986
Penne, Sylvi Norsk litteraturhistorie Gyldendal Norsk Forlag 1991
Skram, Amalie Samlede Verker 1 Gyldendal Norsk Forlag 1976
Skram, Amalie Sjur Gabriel, To Venner Gyldendal Norsk Forlag 1978
Hele Norges Leksikon Hjemmets Bokforlag 1996
Lille Norske Leksikon Kunnskapsforlaget 1993
Norsk kvinnelitteraturhistorie Pax 1988
Webster’s New Biographical Dictionary Merriam Webster Inc. 1996
+ Diverse ark

Forfattarskapen

Her er tre tabellar som syner verka i Amalie Skrams forfattarskap. Forlaga er dels forlaga verka vart først utgjevne på, og dels forlaga siste utgåva av verka (når denne seroppgåva vart skriven) vart utgjevne på.

Romanar
Tittel Forlag Utgjevingsår Sider
Constance Ring Pax 1885 278
Forraadt Gyldendal 1892 160
Fru Inés Gyldendal 1892 160
Hellemyrsfolket:
  1. Sjur Gabriel, To Venner Bokklubben 1887 222
  2. S.G. Myre Bokklubben 1890 277
  3. Afkom Bokklubben 1898 324
Julehelg Gyldendal 1900 136
Lucie Bokklubben 1888 145
Mennesker Pax 1905 187
Professor Hieronimus Pax 1895 166
På St. Jørgen Pax 1895 130
Samlede verker (7 bind) Gyldendal 1993
Noveller og skodespel
Tittel Forlag Utgjevingsår Sider
Agnete (skodespel) Pax 1893 95
Bønn og anfektelser og andre fortellinger Gyldendal 1885 160
Børnefortællinger (noveller) Schubothe 1890 105
Fjældmennesker (skodespel) Schubothes Boghandel 1889 206
Sommer Pax 1899 92
Andre tekstar
Tittel Forlag Utgjevingsår Sider
Amalie Skram om seg selv Bokklubben 1981 211
Landsforrædere Gyldendal 1901 30
Mellom slagene – brev Aschehoug 1955 161
«Og nu vil jeg tale ut»: brevvekslingen mellom Bjørnstjerne Bjørnson og Amalie Skram Gyldendal 1982 236

Emne: Ymse

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.